søndag 25. september 2011

Dåpskjolen min

Då eg blei døpt i 1964, hadde mor mi sydd dåpskjole te meg. De hadde ikkje så god råd på den tidå, derfor blei det ein korte kjole så kunne brukast itte dåpen og. Trur ikkje dei to eldre brødrene mine hadde dåpskjole då dei blei døpt.


Ein heilt enkel kjole der stoffet med engelsk broderi står for pynten. Trur den må ha blitt sydd på oldemor sin Singer sveive-symaskin, for mamma hadde ikkje maskin sjøl på den tidå. Oldemor sin symaskin har eg fått, og den står nå te pynt på syrommet mitt.


Kleshengaren huske eg fra eg va ganske liten. Eg hadde rosa, gule og lyseblå kleshengarar. Det er bare denna lyseblå som har overlevd barndommen. Nå bruke eg den te å ha dåpskjolen hengande på inne på syrommet mitt.


Eg va rundt et halvt år då eg blei døpt.Født i januar og døpt i juni. Mor mi kom fra Nordkjosbotn i Troms, og dei sku venta te bestemor kom på besøk te sommaren. Det va ei lange reisa på den tidå, ikkje sånn så nå kor me reise land og strand på bare etpar timar. Bestemor og farfar va faddere te meg.
Hos bestemor fekk eg ei barnaskjei i sølv med navnet mitt og dåpsdato inngravert på.

Både mamma og bestemor va ganske flinke te å sy, strikka og hekla. Eg va alltid interesserte i å laga dokkekler te dokkene mine, og dei lerte meg å sy, strikka og hekla. Så då blei det kler te dokkene av garn og stoffrestar.
Ennå syns eg det er kjekt å laga dokkekler : )

This is my baptism dress my mother sew for me in 1964. She made it short like an ordinary dress, so I could use it later too. It's sewn on my great grandmother's Singer sewingmachine.
My interest in handcrafting came from my mother and grandmother. They where very good at sewing, knitting and chrochering. 
When I was 5 - 6 years old I always wanted to make new clothes for my dolls, and they learned me how to do it.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...